Kategori: Hurtigbåt Bergen-Rosendal

Vilkår og rabatter

NB! Alle rabattar gjeld i forhold til ordinær pris på enkeltbillett.
Rabatterte prisar er avrunda opp til næraste heile krone dersom ikkje anna er nemnt.

EINSKILDBILLETTAR

Barn   50% rabatt for barn f.o.m. 4 t.o.m. 15 år. Barn under 4 år saman med føresette reiser gratis.
Barn som reiser aleine
Barn frå 7-12 år som reiser aleine eller saman med andre barn i same aldersgruppe.
Merk: Det må bestillast plass minst 1 dag på førehand for barn som reiser aleine, tlf. 98 24 15 30. Registreringsskjema med opplysningar som m.a. barnet sitt namn, alder, ankomststad skal fyllast ut og leverast mannskapet. Barnet skal ha følgje til landgangen. Mannskapet syt for at barnet går av på rett plass, samt at barnet blir henta på ankomststaden.
     
Familie   Kr. 120,- pr. barn på alle avgangar når barnet (barna) reiser saman med ein betalande vaksen, og avgrensa oppad til maks. fire barn.
     
Honnør   Vilkår for at norske og utanlandske statsborgarar skal få honnørrabatt, sjå pkt. a-e nedanfor. Det blir gitt 50% rabatt til:
a) Alle som er fylt 67 år.
b) Ektepar/partnarar som reiser saman når den eine ektefellen/partnaren har fylt 67 år.
c) Uføre som har uførepensjon etter lov om Folketrygd kap. 12 § 8-3.
d) Blinde med følgjeperson. Kvar døvblind kan ta med seg ein følgjeperson gratis.
e) Ektefelle eller følgjeperson til uføre.
Alle som har fylt 67 år skal legitimera alder, uføre og blinde skal visa legitimasjon frå trygdekontoret /Blindeforbundet.
     
Student
  Studentar til og med 30 år, som kan visa gyldig legitimasjon, oppnår 40% rabatt på einskildreiser.
Merk: Som legitimasjon blir godteke: Legitimasjonskort utskrive av skulen, universitetet eller høgskulen samt kvittering for betalt studieavgift.
     
Militær   Militære og sivilvernepliktige utan løn på permisjonsreiser får 50% rabatt. Gjeld i den perioden som står i vernepliktsboka, også på dimisjonsreiser. Militærrabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar/kortordningar.
     
Minipris
  Minipris er en rabattert tur-/returbillett med open retur innan 15 dagar. Billetten kan ikkje endrast eller refunderast, eller kombinerast med andre rabattar.
     
Gruppe   25% rabatt når minst 10 personar reiser saman og løyser felles billett. Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar/kortordningar. Plasstinging er naudsynt, tlf. 98 24 15 30.
Merk: Det er maks. 40 personer som kan tingast på førehand fredagar kl 16:30 frå Bergen og sundagar kl 16:30 frå Rosendal.
     
Inter-, Scan og Euro-rail   50% moderasjon på vaksen billett, betalt etter barnetakst.
Railbilletten må visast for å få 50% moderasjon.


KORT

Studentkort   Studentkort kan kjøpast av heiltidsstudentar ved universitet og høgskular, samt elevar ved vidaregåande skular. Studentkort vert seld og fornya ved å syne gyldig skule-/studentbevis frå utdanningsinstitusjon i Noreg, med kvittering for betalt semesteravgift. Bevis må kunne leggast fram ved kontroll. Manglande bevis gjev grunnlag for ilegging av tilleggstakst. Studentkort gjev grunnlag for 40% moderasjon i høve til periodekorttakst, avrunda opp til nærmaste heile 5-krone. Øvre aldersgrense for kjøp av studentkort er til og med den månaden ein fyller 30 år.
     
Periodekort   Kort m/bilete utskrive for 1 månad frå og med dato til og med dato, og gjeld uavgrensa tal reiser. Berre den personen som kortet gjeld for kan nytta dette. Prisen for periodekortet er lik 13 gangar prisen for ein vaksen på den strekninga kortet skal gjelda for pluss kr. 560,-, - 10% rabatt (av totalsummen), avrunda opp til nærmaste heile 10-krone, maksimum kr 2.770,-.
     
Ungdomskort   Ungdomskort kan kjøpast av personar frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år. Kortet gjeld ungdom busett i Hordaland. Kortet gjeld for eit uavkorta tal reiser i 1 månad rekna får dato til dato med bussar, lokaltog, ferjer og båtar innan Hordaland med unnatak av flybuss og nattbuss. Kortet er utstyrt med bilete og namn og kan berre nyttast av den som kortet er utstedt til.
     
Kontant Skysskort
  Ein kan kjøpa kontant Skysskort/fylla opp eit verdikort med frå kr 500,- og opp til kr 20.000,-. Med dette kortet kan ein betala for enkeltreiser eller for fleire som reiser saman. Kortet gjeld på alle båtstrekningar og på lokale bussruter. Det blir gitt 17% rabatt pr. enkeltreise. Barn, honnør, studentar og militærreisande får ikkje denne rabatten.


REISEGODS M.M

Hund og sykkel
  Berre i fylgje med reisande på tilvist plass. Det skal betalast 10% av vaksenpris avrunda oppover til heil krone, minimum kr 10,-. Førarhund reiser gratis i følge med blind.
     
Handbagasje   Vanleg handbagasje (handkoffertar, vesker og liknande) opp til 20 kg per person kan takast med fritt. Overvektig bagasje kan berre takast med dersom det er plass, og må betalast med kr 15,- per kg (inkl. mva.).
     
Pakkar og gods
  Ekspederte pakkar blir tekne med i den grad det er plass. Levande dyr kan ikkje sendast som gods. Det er eige regulativ for gods / pakkar.


TILLEGGSTAKST

Manglande betaling
  Reisande som ved kontroll ikkje har gyldig billett/kort, eller på andre måtar ikkje har fylgt regelverket, kan bli ilagt ein tilleggstakst på 2 ganger fullpris vaksen, minimum kr. 750,-.